Konsert: Mot Jul 17.11. kl. 19:30

Det går mot jul - og den første konserten av mange i Ulstein kyrkje i førjulstida har nettopp denne tittelen. Søstrene Tina og Merete Brandal, saman med Bjørn Holum, står for det vokale.

Konsert: Mot Jul 17.11. kl. 19:30

Gjengen bak førjulskonserten MOT JUL har lyst til å sette folk i høgtidsstemning med både klassiske og moderne julesongar, men også andre songar som alle har i seg ei djupne og eit håp. Ein vil få høyre mektige songar som "Oh, Holy night" og "How Great Thou Art", men også eigne tolkningar av «Når himmelen faller ned» av Anne Grete Preus og «Stjernesludd» av Dumdum boys. Namnet på konserten er valgt fordi det ikkje er heilt jul midt i november, men det skadar ikkje å kome i stemning før adventstida og stresset set inn. Det vil bli stemningsfullt og vakkert, men også noko som kan vekke til ettertanke. Det blir litt førjulsstemning, men mest berre god stemning.

MOT JUL består av søstrene Tina og Merete Brandal som saman med Bjørn Holum står for det vokale. Sonen til Bjørn, Vegard Kvamme Holum er med på trompet og song.

I bandet finn vi: 

Bjørnar Myhr - piano, Audun Skorgen - bass, Børre Dalhaug - trommer Torgrim Skjerdal har ansvaret for lyd.

Billett: kr. 350

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"